Fiske.JPGDet er opna for jakt på hjort, elg, rådyr og rein i Luster. Kommunen har ansvaret for forvaltninga av rådyr, hjort og elg. Før ein kan gå på jakt på desse tre viltartane må kommunen først godkjenne det aktuelle området som eit jaktvald.

Jaktløyve for villrein blir tildelt av Luster Austre Fjellstyre. Søknadsfrist er til vanleg 1. juni. Sjå info på deira Facebookside.

Søk i Hjorteviltregisteret etter jaktvald, fellingsresultat m.m.

For å gå på jakt må du vera fylt 16 år og ha godkjent jegerprøve eller vere registrert i Jegerregisteret. Personar som er fast busett i utlandet treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i landet dei bur.

Kjøp jakt- og fiskekort her