A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skulen er stengt fram til 26.mars

Informasjon om koronasituasjonen

Barnehagane og skulane i Luster er stengt frå og med fredag 13. mars til torsdag 26. mars i samsvar med regjeringa sitt vedtak etter lov om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 andre ledd om møteforbod og stenging av verksemd. Yttarlegare stenging kan verta aktuelt. Kommunen vil følgja opp nasjonale råd og vedtak.

Når det gjeld organisering av undervisninga i vekene som kjem, må elevane følgje med i Teams. Lærarane vil leggje ut informasjon der. Alle elevane fekk med seg lærebøker heim i dag og fleire fekk og låne med seg datamaskin. Det er viktig at føresette og elevar held seg oppdaterte i Teams, på trinnet sine sider. Har du fleire spørsmål som gjeld skule og undervisning - følg denne lenka; https://www.udir.no/korona Me har fått opplyst pr no at det er ingen påvist smitta i kommunen. Barn og unge reagerer ulikt på informasjon i media. Følg dei tett og ta vare på kvarandre.Når det gjeld organisering av undervisninga i vekene som kjem, må elevane følgje med i Teams. Lærarane vil leggje ut informasjon der. Alle elevane fekk med seg lærebøker heim i dag og fleire fekk og låne med seg datamaskin. Det er viktig at føresette og elevar held seg oppdaterte i Teams, på trinnet sine sider. Har du fleire spørsmål som gjeld skule og undervisning - følg denne lenka; https://www.udir.no/korona Me har fått opplyst pr no at det er ingen påvist smitta i kommunen. Barn og unge reagerer ulikt på informasjon i media. Følg dei tett og ta vare på kvarandre.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS