A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Hospitering veke 44 -2020

Slik situasjonen med korona ser ut no gjennomfører me planlagt hospitering i veke 44. Endringar kan skje på kort tid, om smittesituasjonen endrar seg. 

10

Måndag 7.september vil elevane få ei kort informasjon om hospitering og litt informasjon om dei ulike utdanningsprogramma. Minner om at ein ikkje vel same utdanningsprogram som i fjor då det er viktig å prøve ut fleire. Som i fjor må ein prioritere 1 - 3. Me har fått attendemelding frå Sogndal, Sygna og Årdal om at dei held hospitering, ynskjer ein andre skular tek me fortløpande kontakt med dei. Dersom ein ynskje å hospitere på skular utanfor vårt område, gjer me eigne avtalar. Skulen dekkar ikkje overnatting og transport.

Valskjemaet må inn seinast 14.september. Skjemaet finn de og her på heimesida. 

Når ein har fått svar på kva utdanningsprogram ein er kommen inn på, må ein finne seg jobb som passar studieprogrammet. Arbeidsdagane er 28., 29. og 30.oktober. Pga koronasituasjonen kan det vere bedrifter som ikkje kan ta i mot elevar og dermed blir det vanskelegare å få jobb. Ta kontakt dersom de treng hjelp til dette. 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS