A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

På skulen knyt me aksjonen til «Petter Puls» - ein hoppetaukonkurranse for 4.-7.trinn som starta i går (i regi av Landsforeninga for folkehelse). Jo meir elevane hoppar, jo meir pengar får me inn. Foreldra avtalar heime om og evt kor mykje foreldre/besteforeldre/andre sponsorar vil betale per "hoppeminutt" for sitt barn. Når «Petter Puls» er over, sender me oversyn til kvar heim om kor mange minutt kvart barn har hoppa, og kvar sponsor sett då inn avtalt beløp (anonymt eller med namn) via nettsida de finn under. Det er sjølvsagt frivillig å støtte aksjonen, og me får ingen oversikt over kven som har betalt inn eller ikkje (viss ikkje gjevar legg inn namn sjølv).

OBS: Me tel hoppeminutt på skulen for 1.-3.tr òg, sjølv om Petter Puls berre er for 4.-7.trinn.

Andre gjevarar vil òg kunne støtte aksjonen uavhengig av Petter Puls-hoppinga, berre start innbetaling! Eg vil spreie informasjon om aksjonen vår via Facebook, og håpar de vil hjelpe til med å dele nettadressa under. Me vonar de er samde med oss i at dette er ein god måte å lære borna om solidaritet og internasjonalt ansvar.

Beste helsing,

Mette F. Reinertsen, rektor/styrar Jostedal Oppvekstsenter

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS