A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Gjete kongens harer

Måndag 13.februar 2017 strøymde publikum til premiere i Soltun Gaupne. 8a og 8b hadde invitert til teatermusikalen «Gjete Kongens Harar». Det blei ein fantastisk suksess. No har me ete opp kakerestane og rydda alt på plass att. Det er litt rart å byrje med vanleg skule, men me tek fatt i lekser og pugging med nye erfaringar og er meir «samansveisa» enn me var. Nokre elevar føreslo at me kunne gå rett på eit nytt teaterstykke, men dette ville ikkje alle lærarane våre høyre mykje snakk om, unnateke Håvard TS, han ville på turnè, med buss – nett som Riksteateret.

Trykk "Les meir" for heile saka

Positive attendemeldingar har hagla inn frå foreldre, søsken, gjester og lærarar. Det var heidundrande moro å vere med på dette. Me likte godt rosen(e) me fekk frå rektor Kristin og inspektør Mona B. Det blir heilt sikkert høg måloppnåing på  alt arbeidet vårt. Resultatet av alle timane i norsk, musikk, kunst og handverk overraska mange (men ikkje oss). 

koret.jpg

Nær 170 betalte inngangsbillett og koste seg med kaffi og kjempegode kaker etter førestillinga. Publikum lo og klappa, teknikk, lys, lydeffektar og mikrofonar fungerte til rett tid og stad. Sceneteppet vart drege fram og attende som det skulle. Kulissar, rekvisita og kostyme såg imponerande ut frå salen, med både glitter og stas. Bandet spelte, programleiarane leia  og skodespelarane tolka rollane sine på ein framifrå måte. Dersom nokon gløymde ein replikk hadde me sjølvsagt suffløse i bakgrunnen. Scenearbeidarane sørgde for at alt stod på plass til rett tid, og husgruppa hadde sett ut stolar og pynta salen med sponsorplakatar. Harane  dansa over scena og lærarane kunne endeleg senka skuldrane litt – me var steike flinke alle saman.

Når det er Oscar-utdeling eller Spelemannspris må det vere ei takketale, me kan heller ikkje vere dårlegare, derfor takkar me skulen v/ rektor for husleiga til Stallen/Ungdomshuset. Sponsorane skal ha takk for god mottaking og pengestøtte.  Alle som kjøpte kaffi og kaker samt billettar – Tusen hjarteleg takk. Sjølv om kjøkkengruppa bakte heile veka fekk me kaker frå opphavet – tusen takk for desse, dei smakte svært godt. Takk, Jarle Elvekrok, du  hjalp oss og lærde oss til å bruke det tekniske utstyret. «Musikkens vener» i Gaupne lånte velviljug ut alt av høgtalarar, lys og mikrofonar, stor takk til dykk. Gaupne skule lånte oss SFO-kjøkkenet – mange, mange takk for det.  Me takkar kvarandre for vel utført arbeid, og ynskjer alle god og velfortent vinterferie.

kjerringi.jpg

 

Pålsterk.jpg

Gjete kongens harer.jpg

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS