A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

Verdensdagen for Downs syndrom

21.mars markerar me verdensdagen for Downs syndrom i barnehagen. Me har felles samling i aualen med alle seks basane våre. Me skal synge saman; songar med teikn til tale, me skal sjå ein film frå barnehagen vår og me skal vera glad for at alle me som er så ulike, er like viktige og har det kjekt saman.
Og me har på  oss ein sokk av kvar sort i dag.

2019-03-21

Samedagen

I dag har me markert samane sin nasjonaldag med fellessamling i aulaen. Det er fyrste gong alle seks basane er samla, så det var ekstra kjekt.
Me høyrde litt fakta om samane, me såg film og me song. Me fekk òg sjå litt effektar som er knytta til den samiske kulturen.
Ute fekk me prøve litt ulike aktivitetar i snøen.
Ein veldig kjekk dag. EIn dag me fekk læra noko nytt, og eta litt annleis mat enn vanleg.

2019-02-06

Godt nytt år!

Då var Gaupne barnehage vorte endå større. No er me 6 basar/avdelingar. Raud base er ein førebels base nede ved gymsalen og skulane i bygda. Her skal det vera barnehage til ei permanent løysing kan vera på plass. I år er det dei eldste borna som er på Raud base fram til dei byrjar på skulen. I alle feriar og med jamne mellomrom er Raud base på besøk i hovudbarnehagen. Gaupne barnehage vil lage eit godt barnehagetilbod til alle born uansett kva base dei går på. Godt år i Gaupne barnehage til barn og foreldre!

2019-01-04
Powered by CustomPublish AS