Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Opningstid i sommar

Tysdag 26.mai opna biblioteket att for publikum. Det er redusert opningstid og elles nokre avgrensingar framover. Vi oppmodar til korte besøk.

  • Kom når du er frisk
  • Barn under 15 år må vere i følge med vaksne. I skuleferien er det ope for at barn kan hente sommarlespremiar og  låne bøker utan å ha med ein vaksen, max 10 min besøk. 
  • Vask hendene, bruk handsprit som er utplassert.
  • Hald avstand til dei rundt deg.
  • Bibliotekbruken er avgrensa til lån og levering.
  • For kopiering og bruk av pc, kontakt skranken.

Innlevering: Lever i innleveringsluka eller i kasse ved skranken. Alt innlevert materiale blir sett i karantene i minimum to dagar.

Bestilling for henting:
Mi side

eller epost: bibliotek@luster.kommune.no, tlf 57 68 56 53.

Har du ikkje høve til å besøke oss i opningtida, kan du få levert i hentekassa utanfor biblioteket.

Vi minner om appen BookBites der du kan låne e-bøker og e-lydbøker. 

Opning sommar

Sommarles 2020 - Bli med!

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrera bøkene du les, samla poeng, få kule premiar og lesetips, lesa den eksklusive Sommarles-forteljinga, løysa oppgåver og følgja med på kva vennene dine les!

Vil du vita meir? Sjå altom.sommarles.no.

Sommarles 2020

Bookbites

Ny app for å låne e-bøker

Frå 6. januar 2020 må du bruke appen BookBites til å lese e-bøker frå biblioteka i Sogn og Fjordane/Vestland. Meir informasjon finn du her.

Bookbites

Verdensbiblioteket.no

Verdensbiblioteket.no er ei strøymeteneste som gir gratis tilgang til e-bøker og e-lydbøker på fleire språk. Her finn du e-bøker på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, persisk, somali og tigrinja. Her er også e-lydbøker på arabisk og persisk. Alle i Noreg, som opprettar ein brukar, har gratis tilgang og kan strøyme uavgrena.

Verdensbiblioteket

Opningstider

Måndag:    Stengt
Tysdag:      11-14
Onsdag:     Stengt
Torsdag:     11-15
Fredag:      11-14
Laurdag:     Stengt