Frå Bygd til Beat

Måndagen fekk ein sprek start i dag for ungdomstrinnet og 7. klasse. Den kulturelle skulesekken kunne varta opp med ein kjempefin konsert med Son of Light (André Hadland). 

dks12
dks12
dks12

Frå skulesekken.no: 

Hiphop som identitetsbyggjar

Denne konserten knyter saman hiphop og artisten Son of Light (André Hadland) si personlege historie. Etter at han såg filmen "Beat Street" i 1984 opna det seg ei heilt ny verd for Son of Light. Han vart lidenskapeleg oppteken av musikken og gjorde alt for å finne ut meir om ein sjangar ingen før hadde høyrt om i Mandal. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock, kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned! Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar?

Son of Light, André Viervoll og  Øystein Hvamen Rasmussen.

Son of Light er ein av dei aller mest krediterte rapparane i Noreg. Få andre norske rapparar kan gjere ein slik turne med like lite bagasje! I samarbeidet med André Viervoll (Noora Noor og Queendom) og Øystein Hvamen Rasmussen møter han to musikarar som som har svært lang fartstid med denne typen musikk her i landet.

Elevane var glitrande publikum og nokre av dei var gode hjelparar for bandet som kom med eitt tonn utstyr. 

skulesekken.no

2018-11-12 Kari Merete Henjum
Tips ein ven  Skriv ut