A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Foreldreundersøkinga

 

 

Foreldreundersøkinga

Utdanningsdirektoratet (UDIR) har i samarbeid med KS, Utdanningsforbundet, foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) og elevorganisasjonen utvikla ei brukarundersøking for foreldre/føresette til barn i grunnskulen.

Foreldreundersøkinga er frivilleg og kan svarast på av foreldre med born i 1.-10. trinn. Denne undersøkinga gjennomfører me kvart tredje skuleår.

Me ynskjer at alle deltek og gir oss ei vurdering av elevane sitt læringsmiljø og av samarbeidet mellom heim og skule.

De går inn på denne nettadressa: https://elfu.udir.no/Respondent/Login.aspx?ReturnUrl=%2fRespondent%2f

Brukarnamnet de skal bruke får de i mappa til elevane. Undersøkinga er anonym.

Dersom de har vanskar med å gjennomføra, eller har spørsmål, så ta kontakt med underteikna.

Frist for gjennomføring er fredag 27. mai.

Grete Marie Skårhaug Solvi, rektor/styrar

 På UDIR sine heimesider:

Kva er formålet?

Formålet med Utdanningsdirektoratets Foreldreundersøking er at føresette skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå Foreldreundersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig og nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå Foreldreundersøkinga kan òg bli brukte til forskingsformål.

Korleis blir undersøkingane gjennomførte?

Foreldreundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust.

Det er frivillig å svare på Foreldreundersøkinga. Du treng ikkje svare på undersøkinga.

Du kan velje å hoppe over spørsmål dersom du opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål du ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova frå 14. april 2000 nr. 31. Det er berre den behandlingsansvarlege som har tilgang på grunnlagsdata.

Utdanningsdirektoratet har delt behandlingsansvar med skoleeigarane for Foreldreundersøkinga.

Den som svarer, fører ikkje opp namn, og det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultata frå undersøkingane for både skolane sjølve, skoleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av personar som har svart.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skolen din eller Utdanningsdirektoratet. Du finn òg mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS