A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Foreldremøte

Måndag 23.februar hadde med Geir Kåre Resaland på besøk til oss i samfunnssalen. Han fortalde oss kor viktig det er med fysisk aktivitet kvar dag.

 

 

 

Veldig kjekt at så mange fann vegen til foreldremøtet denne kvelden. Me veit mange familiar var reduserte i forhold til at det er mykje sjukdom for tida. 
Det var ein inspirerande Geir Kåre som fortalde om ASK-prosjektet sitt. 
Han fortalde om at me veit kor viktig det er å pusse tenner kvar dag, for å forebygge hol i tennene seinare. Slik er det med fysisk aktivitet òg! Me må vera fysisk aktive no for å førebygge helseplager seinare! Dagens 15 åringar sit meir enn 80 åringar!! Det er skremmande, og det må me hjelpe ungane våres med å unngå. Me vil ha dei aktive. 
Dette for å skape gode relsasjonar mellom elevane, mellom lærarar og elevar, for å lære meir, for å kunne halde ut lenger og for å variere undervisninga. Det fører òg til auka trivsel, seier han.

Det går an å få ting veldig enkelt, i dagens samfunn. Me kan betale andre for å vaske huset. Me kan betale andre for å gå tur med hunden. Me kan få ferdig middag på døra( i allefall i byane). Men kva gjer det med oss?? Menneska er bygde for å jobbe. Me treng fysisk aktivitet kvar dag! 

Me på Luster oppvekstsenter vil ta med oss noko av det GK sa, og halde fram med å ha fag og fysisk aktivitet, og me vil halde fram med lærarstyrte aktivitetar for å få elevane meir aktive. 

Takk for ditt gode bidrag, Geir Kåre Resaland.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS