A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
2012-08-20 02

Velkomne til nytt skuleår!

Første skuledag måndag 20.aug

Me på skulen vil ynskje alle velkomne til nytt skuleår som startar måndag 20.august. Skuledagen varer frå 9 til 14. Elevane på 1.-4.trinn har tilbod om leksehjelp måndag kl 14-15 og onsdag kl 13-14. Frå måndag vil timeplanane vere tilgjengelege her på nettsidene. Det er fint om dei som skal ha sfo gir beskjed til rektor snarast mogeleg om kva for morgonar og ettermiddagar dei vil vere der. Meldingar som gjeld sfo går no kun til skulen (bruk meldingsboka).

Det blir kjekt å sjå alle etter ein lang sommar, og me ynskjer spesielt velkommen til dei nye førsteklassingane, Jostein, Stig og Øyvind - vel møtt til første skuledag! Helsing Mette rektor og alle dei andre på skulen.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS