Flott oppmøte på opninga av Jostedal Oppvekstsenter!
Det var nok mat til alle, og alle ungane dansa og sang rytmiske, fengande songar frå årets Forut-aksjon på scena. Det heile vart trygt og stødig leia av Gunnar og Sølvi, leiar og nestleiar i elevrådet. Personalet i barnehagen og på skulen sto på for fullt både før og under arrangementet, og flinke foreldre sørga for at det vart rydda fint opp etter oss. Takk til alle for ein flott ettermiddag!