A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
mørketid

OBS: Ungane må vere komne i barnehagen til kl 9 for å vere med!

Farvel til lyset fredag 30.nov

Farvel til lyset er ein tradisjon me har der me markerer at sola ikkje rekk ned til oss i perioden frå 1.12. til 12.1. kvart år. Då går skuleungane med lykter og syng snø- og vintersongar. Turen går forbi barnehagen sitt uteområdet, og ungane i barnehagen ser på lystoget frå glaset. I år vil me samlast i gymsalen etterpå, ha litt musikkleik i lag, og synge litt. Barnehagen sørgjer for drikke, og 1.-4.klasse har laga lussekattar og solbollar til alle.
No i mørketida er me ekstra opptekne av å ta vare på kvarandre. Me har samtalar med foreldre, det er Olweusundersøking om mobbing og trivsel for 4.-7.trinn på skulen, og me pratar om desse tinga i klassane. Me prøver å gjere nokre hyggelege ting i lag medan me ventar på at snøen snart kjem att og gjer det lyst og koseleg rundt oss til jul.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS