A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Endeleg!

Endeleg haustferie? Nei, det var ikkje det, i alle fall ikkje berre det - men endeleg ein dag me hugsa å ta bilete når alle elevane i storskulen var på plass! 

5., 6, og 7.klasse pr 7.oktober 2016
5., 6, og 7.klasse pr 7.oktober 2016
Artig gjeng dette!
Artig gjeng dette!
..og inni midten der ligg Thea...  Ha det bra, me vil sakna deg!
..og inni midten der ligg Thea... Ha det bra, me vil sakna deg!
Takk for no!
Takk for no!

Den fyrste skuledagen etter sommarferien var ikkje alle elevane på skulen, neste gong me hadde tenkt å ta det gløymde me det ut. Då me kom på det att etter nokre dagar og veker, kunne me ikkje ta det den dagen for då hadde me ikkje favorittgensaren på og håret var ikkje styla slik det skulle på eit klassebilete... ;)

Men den som ventar på noko godt osb.. Tilfeldigheitene gjorde at det blei siste dagen før haustferien - og siste skuledagen til Thea som flytta til Gaupne, og byrja på Gaupne barneskule etter haustferien.

Tusen takk for tida i lag her på skulen - og lukke til i Gaupne! Me gler oss til du kjem innom og besøker oss! 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS