A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
sykkel

Endeleg har me alle elevane tilbake!

I går heisa me flagget igjen og det var så kjekt å møte att dei flotte elevane me har.

Så godt å høyre og sjå elevane våre! Trur dei gleda seg like mykje som oss til å treffe medelevar og tilsette.

Dei var spente og forventningsfulle, og veldig flinke til å følgje reglane me har å forhalde oss til når det gjeld Covid-19.

Sjølv om skuledagen er heilt annleis enn den tradisjonelle så har elevar og tilsette så langt takla det fint. Mellomtrinnet og ungdomstrinnet har friminutt på ulike soner ute, og på nokre av dei sonene får dei lov å bruke sykkel. MEN då må dei sjølvsagt òg ha sykkelhjelm!

For å skape trygge rammer for alle er det viktig å følgje punkta på plakaten som ligg ved: 

udir20002_plakater_skole_korona_a4_plakat_nynorsk.pdf

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS