A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Det er viktig å lære av kvarandre!

Skulane i Sogn har mykje å lære av kvarandre. Då kan me hospitere.

Me har hospitert ved Leikanger skule, Jostedalen skule og i dag var Kristin på Gaupne skule.

Der besøkte ho 7. trinn og såg på ein metode under Vurdering for læring, som heiter «Læringskamerat».

Elevane har same læringskamerat i 14 dagar. Dei diskuterer, gjev kvarandre tilbakemelding gjennom to stjerner og eit ynskje.

Det tyder to gode tilbakemeldingar på arbeid og eitt ynskje med mål om kva som kan verte betre.

Elevane trives med metoden og dette gjev god læring.

Vedlagt ser de bileta av klassen og litt om metodar/kriteriar.

img_4770
img_4774
img_4780
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS