A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
praksis

veke 45

Øvingspraksis for 4GLU

Det vert gjennomføring av grunnskulelærarpraksis i veke 45. Så lenge me har gult nivå når det gjeld smittevern så er det ein del tilrettelegging.Gjennomføring av praksisen er avklara med kommuneoverlegen og me har sendt ut Vismamelding til alle heimane. Studentane kjem frå Campus Sogndal og dei er gjennom HVL og oss godt instruerte og opplærte i henhald til smittevern.

Det kjem 50 studentar og dei er delt opp. Kvar øvingslærar har ein eller to studentar som føl dei, så i kvar klasse vert det maks fire studentar.

Studentgruppa er delt opp i to når det gjeld personalrom og arbeidsrom, og dei deler ikkje det med vårt personell.

Me har eit fantastisk reinhaldspersonal og dei føl opp med ekstra reinhald når det gjeld t.d. overflater, handtak, toalett o.s.b.

No i haust er det berre ei veke med praksis og i lag skal me klare å gjennomføre den til beste for alle partar. Ta vel i mot dei!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS