A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Det er mykje gode tradisjonar på skulen vår og me gler oss til denne "ventetida"

ADVENT OG JUL PÅ LUS - INFORMASJON

advent.jpgJula 2016

Då er 1. desember komen. Og me går inn i ei tid med mykje forventning og tradisjonar. Tradisjonar er viktig for dei fleste, og me har gjerne ulike tradisjonar. Det er for mange ei god ventetid å gå inn i desembermånaden. Då veit me at me at månaden endar opp med samvær med familie og vener. Men og for nokre sakn, etter dei som ikkje kan delta. 

På skulen er det i desember og eit stort læringstrykk, men og mykje gode tradisjonar, som elevane syner at dei set pris på. Julelunsj, juleball mm. Det er ei travel tid for oss alle og me ynskjer difor på skulen å ha gode skuledagar med ikkje for mykje ekstra "stress". 

Det har vore eit godt skulehalvår på LUS. Me hadde ein god oppstart med fjelldag for alle og tur til Jostedalen for 8. trinn. Dette som ledd i å verte kjent og kjenne seg trygge på kvarandre. Me jobbar kvar dag på skulen med å tryggje læringsmiljøet til elevane våre. Elevundersøkinga frå i haust syner at elevane våre trives på skulen og at dei aller fleste har nokon å vere saman med i friminutta. Me skal evaluere ordning med aktivitetsfriminutt etter jul. Dette er ei ordning som er meint å fremje læring og trivsel. Det er og kjekt å sjå at Luster si satsing på lesing/læringsstrategiar og vurdering for læring gjev gode resultat, samt at elevane kjenner større medverknad. Det er gode tal ift mobbing også gjeld digital mobbing. Skulen har vist nulltoleranse og hadde samarbeid med politi i haust ift digital mobbing. Trass i gode tal, kan me ikkje seie at me har ein mobbefri skule. Førebygging av mobbing er eit tema me jobbar med kvar einaste dag. 

Fagleg har me og oppnådd gode resultat i haust. 9. trinn har heva resultatet sitt på nasjonale prøvar, noko som var eit hovudmål denne hausten. Det er og gode resultat å syne til i årets kartlegging. Leseplan kjem i revidert utgåve før jul og det er behov for å understreke at lesing og mengdetrening, gjennom leselogg og tett samarbeid heim-skule er viktig. Å ha ein god lesefart og innhaldforståing er noko av det viktigaste verkty ein har for å lære. 

Det har vore tilsyn på inneklima og reinhald mm . Konklusjon er at me fekk ingen avvik. Skulen har gode rutinar og det er godt samarbeid mellom reinhaldarane, vaktmeister og leiing. 

Me er stolte av skulen vår. Stolte av elevane. Stolte av dei tilsette. Og me er takksame for det gode samarbeidet me har med føresette. 

Med dette vil me takke for eit godt halvår og ynskje alle føresette med sin familie og vener ei god adventstid og ei god jul.

For alle tilsette på LUS

Kristin Vee, rektor

 

Julelunsj med kulturell samling, 6.desember

Tysdag 6.12.16 er det tradisjonell julelunsj med graut og saft på LUS. 9. trinn (mat og helse) har ansvaret. Lunsjen vert kombinert med kulturell samling, der det vert song og anna underhaldning. 

 

Juleball 20.desember

Elevane kan kome frå 18.30. Programmet startar kl. 19.00 (etter at buss frå Luster er komen). Billetten kostar 150,- (inkludert mat). Det er og mogeleg å kjøpe brus, kaffi, kaker og godteri i kafèen. Musikk v/Ivory (stor suksess frå i fjor der eg trur tilnærma alle elevane var på dansegolvet). Ballet vert avslutta med fyrverkeri kl. 12.00. Elevar som treng skyss må bli henta. 

Antrekk: gjer deg pynta som du sjølv ynskjer. Det er ikkje krav om ballkjole eller dress (eller kunstferdig frisyre som frisør har fiksa). 

 

Julegudsteneste, 21. desember

Elevane har fått med informasjonsskriv heim. Dersom de ynskjer at dykkar born skal delta på julegudsteneste 21.12.16 må de melde på ved å fylle ut vedlagt skjema.

Dette er i tråd med Udir sine retningslinjer.

Det vert ei alternativ markering på skulen for dei som evt. ikkje skal delta. 

 

 

 

 

jul
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS