A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
jodel_og_image

Appen "Jodel"

Åtvaring om nettmobbing

Til foreldre og føresette

«Jodel» er ein app som let brukarane sende anonyme meldingar som kan lesast av alle som har appen innanfor ein radius på ti kilometer. Appen er blitt veldig populær blant ungdommane og har også fått mykje omtale i media. Grunnen til all omtalen er at den blant anna er blitt brukt til mobbing, trakassering og truslar. Fleire skular rundt om i landet har opplevd grove mobbesaker som har føregått via denne appen. Skulen oppmodar difor alle foreldre og føresette til å følgje med på bruken av denne appen og snakke med elevane om nettmobbing.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS