A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tur til Øvrabøstølen og Setålen

Torsdag 10.september var 5.-7.klasse på tur til Øvrabøstølen og Setålen. Me gjekk opp Gamlegalden via Galden til Øvrabøstølen, og fylgde derifrå stien ut til Setålen. Derifrå gjekk me nedatt i skogsvegen til "Øvstesvingen" og fylgde hovudvegen attende til skulen.

På stølane såg me på stølshusa som enno står, og snakka om korleis stølane vart drivne før i tida, og kva for gardar som hadde stølsdrift på dei ulike stølane.

Me var veldig heldige med vêret, og hadde ein fin tur!

(Klikk på overskrifta for å sjå bileta)

SDC11454
SDC11462
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS