A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
luster-kommune[1]

LUSTER KOMMUNE 50 ÅR - AKTIVITETSDAG 1. OKTOBER

Tysdag 1. oktobert vert kommunejubileumet markert ved å samle alle elevar i grunnskulen i Luster til aktivitetsdag i Gaupne. Det vert høgtideleg opning av ordføraren på Gaupne stadion kl. 09.30. Alle elevar syng Lustrasongen og 1. klassingane får utdelt refleksvestar frå lensmann Asle Karoliussen. Kl. 10 deler ein inn i grupper og startar aktivitetane. 1.-4. kl. skal ha aktivitetar på skuleplassen, kunstgrasbana og i Parken samt ein natursti, medan 5.-7.kl. skal ha friidrettsdag på stadion. Me håpar at alle får ein triveleg dag og ynskjer dei besøkande hjarteleg velkomen til oss!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS