A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
5-åringane ved Nigardsbreen

NIGARDSBREVATNET

5-ÅRINGANE PÅ FISKETUR

Barnehagen har som tradisjon at 5-åringane reiser på fisketur, med grilling,leik og båt-tur på Nigardsbrevatnet. I år er det Oda, Thekla, Siri-Elise, Lars-Andreas og Håkon som er 5-åringar.

Sjølv om vermeldinga ikkje lova så bra, pakka me fiskestengene i bilen og for avgårde. Me fiska og fiska, men fekk ikkje napp. So då måtte det bli pølser på grillen. Ein isklump kom flytande på vatnet, og den klarte me å få iland. Etterpå tok me "Jostedals-rypa" over vatnet, og fann oss eit fint svaberg å leike ved, og ete bokstavkjeks. Kjeksa brukte me til å finne ut kva dei ulike bokstavane heiter, og kven som har dei i namnet sitt. Fin tur med ein fin gjeng! ... og me kan ikkje klage på veret, då me hadde sol, lett bris, men ikkje regn!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS