A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Besøk av nye 8.trinn

13. juni hadde me besøk av nye 8. klassingar frå heile Luster.

Det er ein kjekk gjeng – dei har alt lært seg klappesignal for å ta i mot beskjed og alle var presis inn etter friminutt.

Høflege og kjekke ungdomar. Me gler oss til å verte meir kjend med alle til hausten.

I friminutt var det fotball, bordtennis og den «berømte» runden med å gå rundt skulen.

Elevane fekk helse på kontaktlærarane sine og møtt Susanne Heen Veum, som er miljøterapeut på skulen.

Program elles var: konkurranse, naturfagsforsøk, is og møte med 8. klassingane.

Me ynskjer alle ein god sommar og velkomen tilbake til hausten.

 

Kristin Vee, ass. rektor

img_5788.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

img_5791.jpg

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS