Besøk av mobbeombud Aina Drage
Barnekonvensjonen 30 år
I samband med at barnekonvensjonen er 30 år 20.november 2019 var mobbeombod Aina Drage på besøk på skulen og me feira med ballongar og kake.
I august 2018 vart Aina Drage tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane. Ho jobbar for at alle barn og unge skal ha det trygt i barnehagen og på barne- og ungdomsskulen. Hos oss fortalte Aina om jobben sin og svarte på spørsmål elevane hadde laga i forkant. Kva gjer eit mobbeombod? Kjedar ho seg i jobben sin? Kva gjer ho når ho får vite at nokon er mobba? Kvifor er ikkje USA med på barnekonvensjonen?
Aina snakka og om barnekonvensjonen som er 30 år i dag og framheva artikkel 12 om å seie meininga si. "Alle barn har rett til å seie meininga si bli høyrt". Barnekonvensjonen skal gi barn eigne rettar , td rett til skule, helsehjelp, leik og fritid.
Me feira med bursdagssang, ballongar og nydelege kaker frå ATS.