A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Avskjedsfest i to dagar

I dag hadde vi ein liten avskjedsfest for Anders som skal flytta til Gaupne i helga.

Han hadde med seg ei fin og kjempegod kake og brus, så vi kosa oss ordentleg i den siste økta.

Alle tykkjer det er trist at han reiser herifrå, men han har lova oss at han vil stoppa og snakka med oss når vi møter han i Gaupne.

Det er att både kake og brus, så i morgon fortset avskjedsfesten!

Kaka Anders hadde med til oss gjorde stor suksess!
Kaka Anders hadde med til oss gjorde stor suksess!
Alle teikningane vart studerte og alle tekstane lest opp
Alle teikningane vart studerte og alle tekstane lest opp
Elevane hadde laga eit lite avskjeds-hefte med fine teikningar og gode ord i
Elevane hadde laga eit lite avskjeds-hefte med fine teikningar og gode ord i
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS