A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Aldersgrupper/prosjekt Fysisk aktivitet

Etter to spanande veker med prosjekt i aldersdelte grupper, der temaet var språkutvikling er me no klare til ei ny, innhaldsrik veke med aldersgrupper der temaet er fysisk aktivitet. Evaluering etter førre periode seier oss at me kanskje skal kalle desse vekene for aldersgrupper på tvers av avdelingar og ikkje prosjekt. For dei eldste kulla vil det vera naturleg å "lage" noko eller ha eit sluttprodukt. Det er ikkje sikkert det er det vesenteleg for dei yngste gruppene. Så det blir eit slags prosjekt for dei eldste og grupper for dei yngste. Så ser me an om det vart meir rett i forhold til kva forventningar ein har til ein slik periode. Både som foreldre og som personal.
Grunnen til at det blir berre ei veke med tema fysisk aktivitet er at me ser at to veker kunne vera litt lenge for nokon born og at me nærmar oss jul og juleførebuingar. Avdelingane har likevel ansvar for at me skal ha fokus på fysisk aktivitet framover, jmf utviklingsplanen vår.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS