A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veitastrond

20170904_122954

Tur til Snauedalen

Elevane hadde ein flott hausttur til Snauedalen.

2017-09-05

Informasjonsmøte i krinsane om skulebruksplanen.

Torsdag 11. mai kl. 17.30 er det open informasjonsmøte for føresette og innbyggjarar på Veitastrond skule. Vel møtt!

2017-05-05

Visma flyt skole

Mange har no logga inn og nyttar Visma. Hugs:

  • Sjå etter at du som føresett står oppført med mobilnummer og kryssa av "SMS skole - hjem"
  • Trykk generelt samtykke
  • Trykk samtykke på kvar av ungane dine
  • Lagre nummeret til kontaktlæraren til din unge og bruk dette i staden for privatnummeret 
2017-03-28
karneval 1

Karneval

Måndag 27. februar samarbeida barnehagen og skulen om karneval. Dei hadde felles lunsj med pølse i brød/lompe og saft. Etter lunsjen var det leik i gymsalen. Kjekt å ha høve til å kunne vere saman på tvers av alder.

2017-03-24
julefest

Julefest

Så kjekt å få høve til å vere gjest på julefest på Veitastrond skule. Ungane i barnehagen og skulen starta festen med å gå i Luciatog inn i gymsalen, der dei sang "Svart senker natta seg...". Dei eldste elevane leidde dei yngste og alle hadde lys.

2016-12-09
opning av skuleplassen 1

Opning av uteområdet

Torsdag 15. september var det opning av det flotte uteområdet ved skulen og barnehagen.

2016-09-25
Elevkor[1]

Aktivitetsdag i Gaupne

Torsdag 8. sept. reiste heile skulen vår inn til Gaupne for å vere i lag med dei andre skulane i kommunen.

.

2016-09-10

Skulestart

Velkommen til skulestart måndag 15. august kl. 08.30!

Alle klassane har fått nye inngangar og dei ligg i ein halvsirkel på motsatt side av inngangen til samfunnsbygget. Klassane går inn sin inngang, heng frå seg utetøy, tek av utesko og på med innesko. Alle møter deretter i gymsalen for felles samling. NB! Elevane må gå gjennom sentrum og ned ved barnehagen for å kome til skuleplassen der inngangane er.

2016-08-12

Ny rektor tilsett.

Hilde Holte Selland er tilsett som ny rektor ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Veitastrond skule. Hilde kjem frå lærarjobb ved Gaupne skule, samt at ho siste åra har hatt ein utviklingsstilling på oppvekst i Luster kommune. Hilde er busett på Hafslo.

Me ynskjer Hilde hjarteleg velkomen som rektor!

2016-07-08
Powered by CustomPublish AS