A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

OPPSTARTEN PÅ SFO

Dei første vekene på SFO etter sommarferien har gått kjempefint. 1. klassingane har funne seg godt til rette, og me er blitt godt kjende med dei.

Mykje fint ver har gjort att me har våre mykje på ettermiddagane, og den nye klatreparken har blitt flittigt brukt.

4. klassingane har starta med eigen klubb på fredagane, den har dei bestemt skal heite FKC (fjerde klasse clubben). Kvar fredag kjem 4. klassingane til å ha ulike aktivitetar, som dei har fått valgt sjølve. Ting dei har føreslege er: sløydaktivitetar, fotballspelturnering, sjå film, lage teater og m.m.

Dei dagane me har våre inne på SFO har me teikna, perla, spelt spel, bygd me klossar og lego, rolleleik og høyrt lydbok.

No held me på med hausttre som skal opp på veggen, alle teiknar og klypp ut handa si i haustfargar og limer på trestammen.

To dagar med varmmat har me hatt, første dagen vart det servert heimelaga kjøttkaker og potetstappe, og i går vart det servert tomatsuppe og makaroni. Torsdagar vert det servert knekkebrød, kavring og polarbrød.

2016-09-08

HEIMSEND

Dei som ynskjer å ha fast avtale om heimsending frå SFO, må me ha beskjed om dette. Enten melding på SFO tlf eller i meldingsbok.

 

2016-08-12

VELKOMMEN

Me på SFO vil ynskje alle hjertleg velkomen til nytt SFOår måndag 15. august.

2016-08-12

VEKE 15

På onsdag var det gr. 1 som var på tur. Turen gjekk til leikeplassen i Sandviki, dei hadde med seg frukt som dei åt på turen. Kjekt å leike andre plassar.

Etter å ha hatt ei godt stund pause frå perling, var det til stor glede for nokon då me fann fram att desse.

Fredag fekk me servert pitapizza til varmmat, fin avslutting på enda ein fin SFO veke.

2016-04-19

VEKE 14.

Denne veka har me hatt litt vårrydding, funne fram att uteleikene våre til stor glede. Spesielt hoppestokkane. Ei fin veke med mykje uteaktivitet

Onsdag var alle i Parken, kjekt å koma ned att her. Det var hyttebygging og klatring og balansering i jungelparken.

Fredag var det elevfri dag, så då hadde me heile dagen på SFO. Ein fin gjeng på 11 ungar. Starta dagen med ein lang oppdagelsesrunde på Grandane, her var det mykje boss tykte me. Når me kom til SFO att laga me bål i "troll i ringen" der me grilla ostesmørbrød til lunsj og pinnebrød med sukker og kanel til desssert. Ute å leika heile dagen i flott ver.

 

2016-04-12

VÅR

Då er våren her og me kjem til å vera meir ute, viktig med uteklede og byteklede.

Me kjem til å fortsette med turar på onsdagane. Sender heim ei liste over gruppene slik at de ser når dikkas unge er på tur.

 

2016-04-05

SOMMARFERIE

SFO er stengt veke 28, 29 og 30 i sommarferien.

2016-03-02
DSC3070[1]

FORELDREKAFFI

Torsdag 04.02 inviterar me på SFO til foreldrekaffi.

Det vert servert fastelavensbollar og kaffi frå 14.30 - 15.45.

Håpar mange har mogligheit til å koma.

2016-02-02

MELDINGAR TIL SFO

Om de har meldingar eller beskjedar til SFO om barnet skal ha fri, vert henta av andre eller skal gå eit visst tidspunkt kan de sende melding til SFO på mobilen. 

Då slepp de å skrive i meldingsboka og meldinga kjem direkte til SFO.

Send gjerne melding om morgonen.

SFO mobilnummer 913 01 841.

2016-01-12
jul

GOD JUL

Me på SFO vil ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.

 

2015-12-22
Powered by CustomPublish AS