A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

Oppfølging frå foreldremøtet

Personvern - film for elevar og føresette

Dette er ein av filmsnuttane me ikkje fekk synt fram på foreldremøtet - det handlar om personvern for born, og filmen vil bli brukt som ein del av nettvet-opplæringa til elevane (4.-7.klasse) på skulen. Filmen er støtta av m.a. utdanningsdirektoratet, og ligg på nettsida DUBESTEMMER.NO. Der ligg òg ein del andre filmar og anna materiell for både skule og føresette.

2014-09-03

Carla Navarro besøkte alle klassane på skulen måndag 1.september

Råd frå fysioterapeuten

Fysioterapeut Carla stilte på kvar og ein sin stol så alle skal sitte rett, og passa på at sekkane til 1.klassingane sat godt på ryggen. Ho snakka òg om kva som er viktig for både god helse og læring: Å sove nok og å bli sliten nokre gonger kvar dag. Carla fortalde elevane at me ikkje bør ha med mobiltelefon eller andre skjerm-dingsar i senga, siste halvtimen før me skal sove bør hjernen og augene få heilt datafri.

2014-09-02
DSC_0056

Fellestur tysdag 26.august

Skulen på gamle vegar - Mjølver til Liastølen

Me var heldige med vêret og hadde ein både lærerik og koseleg tur frå øvst i Mjølversgardane og inn til Liastølen. 1.klassingane gjekk i lag med dei flinke fadderane sine, og me stoppa både på Li, i Leteigen, på Liastølen og ved tuftene til gamleskulen på Røvomn. Me såg òg ei kjempesvær ørn!

2014-08-26

Felles for alle foreldre i skule og barnehage:

Foreldremøte 28.aug (kl 19.30) - saker

Stad: I matsalen på samfunnshuset

Saker: Satsingsområde 14/15 (m/presentasjon av Luster kommune sin nye leseplan for skule og barnehage), medievaner og skjermtid, bruk av pengegåve frå banken, trivsel og læringsmiljø, praktisk info (m.a. skuleskyss)

Foreldrekontaktar møter kl 19, konstituering av FAU (skule) og samarbeidsutval (skule og barnehage)

2014-08-25

No er me så mange på sfo at det er betre å ha

SFO på skulen frå måndag 25.aug

Etter ei veke der det nokre dagar var veldig trongt for alle både i gongen og under maten, vil me no prøve å ha sfo på skulen ein periode. Me vil framleis ete i lag når sfo startar, og vere mykje ute medan det er fint å vere det. Gymsalen vil me framleis bruke når det er naturleg!

2014-08-25

Her finn de alle klassane sine

Timeplanar skuleåret 14/15

Desse timeplanane gjeld "vanlege veker", og kan endrast gjennom året.

2014-08-19
\"Skriveboka mi\" 6.-7.klasse

Inspirert av Gerd Fredheim, vil alle skuleklassane "skrive seg til læring" i

"Skriveboka mi"

I år vil me nytte ein felles metode for å få inn skrivetrening i små drypp. Alle elevane har ei bok som vert kalla "Skriveboka mi" der lærarar i ulike fag kan gi små skriveoppgåver til avgrensa tid. Når tida er ute, er oppgåva over. Det er ikkje fokus på rettskriving, det skal vere trening i å få tankar ned på papiret. Her ser de bøkene til 6.-7.klasse.

2014-08-19
2014-08-14 16

Fyrste skuledag måndag 18.august kl 9-14

Velkomne!

Måndag kl 9 startar fyrste skuledag i nytt skuleår. På foreldremøtet for nye fyrsteklasseforeldre før sommaren, vart me oppmoda om å legge ut informasjonen frå møtet skriftleg på nettet. Denne informasjonen har me kalla "Hugseliste til skulestart", og sjølv om det er informasjon me har gjeve før, kan det vere fint å sjå gjennom òg for foreldre som har eldre ungar i skulen. Skuledagen måndag er kl 9-14, med leksehjelp og sfo etterpå for dei i 1.-4.trinn som nyttar dette tilbodet. Klikk "Les meir" for å finne hugselista til skulestart. Me gler oss til å treffe alle elevane fyrste skuledag!

2014-08-15
20140610_125440

Tysdag 10.juni var

Barnehagen og 1.-2.klasse på tur til Bakken

I år gjekk den tradisjonelle vårturen for dei eldste i barnehagen i lag med 1.-2.klassen til Bakken - me kosa oss i nydeleg vêr!

2014-06-17
pengar betaling

Utrekning av utgift til SFO er endra

SFO-betaling: 27,- per time (heil/halv plass)

Til føresette på 1.-4.trinn skuleåret 2014/2015: Timesatsen i den nye utrekninga av pris på sfo er lik over alt i kommunen: 27,- per time. I Jostedalen er timetalet for heil plass rekna ut frå opningstid kl 7-9 om morgonen (altså to timar per morgon-økt) og varierande på ettermiddagen etter når skuledagen sluttar.


2014-05-28
Powered by CustomPublish AS