A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

rollelek

Skriftspråkstimulerande rolleleik for 1.klasse og 4-åringane.

Samarbeid barnehage og skule

Me lagar leikegrupper med 4-åringane og ei gruppe på fire 1.klassingar i lag. I barnehagen førebur med flyplass og restaurant slik at ei gruppe har restauranten, og ei gruppe reiser med fly og er gjester på restauranten. Me legg til rette for skriving/teikning med papir, sakser og blyantar m.m så borna kan lage til dømes meny, pengar, billettar, pass og alt ein treng for å gå på restaurant og reise med fly. Kanskje vert det litt framande språk òg?.

 

2015-02-22
05

Veldig vellukka satsing i all snøen:

Ski i skulen!

Her er bilete frå då 3.-7.trinn hadde skiøkt torsdag 29.januar, men 1.-2.klasse har faktisk vore ute på ski 4 tysdagar no, biletet her er frå sist tysdag. Ingen tvil om at desse tiltaka aukar både dugleiken og gleden på ski!

2015-02-06

Nyttig skjermtid?

Nettsider med gode læringsaktivitetar

Engelsk: STARFALL - lære lydar, lesing og andre aktivitetar på engelsk (frå barnehage til mellomtrinn)

2015-01-26

Info frå "Foreldrepulsen"

"Læreplanen i matematikk på 1-2-3"

HER finn de lenkje til "Læreplanen i matematikk på 1-2-3" (berre bokmål).

2015-01-14
Good Time Charlie

Grendekonsert i samarbeid med Ungdomslaget, fau og Den kulturelle skulesekken

"Good time Charlie" speler i Dølaheimen 20.jan

Elevane i 5.-7.trinn vert IKKJE att på skulen, dei har workshop med musikarane siste økta i vanleg skuletid. Kl 16 har ungdomslaget sal av pølser, kaffi og kaker. Konserten vert ca kl 16.45. Vel møtt til heile bygda! Les meir om opplegget HER.

2015-01-19
uteungar

Velkomne tilbake i skule og barnehage 2015

Godt nyttår!

Takk for i fjor, no er me glade for å ta fatt på eit nytt år!

2015-01-05
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

Heile skulen er med på

Omvendt julekalender

For tredje gong er me med på "Omvendt julekalender" frå SOS barnebyer der slagordet er "gje i staden for å få". I år er det ekstra fokus på SN (FN) sin barnekonvensjon som har 25 - årsjubileum. Sjå ein liten videosnutt for kvar skuledag i desember her (desse ser klassene i lag på skulen). I tillegg til å lære litt om barnekonvensjonen og om korleis born har det andre plassar i verda, kan elevane samle inn pengar til aksjonen ved å gjere småjobbar heime der lønna skal gå til aksjonen. Alle får med ein konvolutt heim som dei kan samle pengane for slike småjobbar i, og så leverer dei konvolutten på skulen den siste veka før jul. På den måten vil ingen sjå kor mykje eller lite det er frå kvar.

2014-12-08

Skuleåret 2014/2015

Årsplanar 1.-3.trinn

Her ligg 1.-3.klasse sine årsplanar i faga:

2014-10-29
Gode venner i Nepal

I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter

Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"

Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.

2014-09-16
DSC_0003

Bursdagskalender

1. og 2. trinn held no på å lære seg når dei har bursdag. Her kan de sjå bursdagskalendarane dei har laga, desse skal henga i klasserommet.

2014-09-10
Powered by CustomPublish AS