A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

Bruk FEIDE-brukarnamn og -passord

Innloggingsside for Office365

2016-05-12
julelunsj

Etter ei innhaldsrik førjulstid, vil me ved oppvekstsenteret ynskje alle

God jul og godt nyttår!

Sjå bilete frå den fine førjulstida med mykje samarbeid mellom skulen og barnehagen. Både skule og barnehage startar opp tysdag 5.januar i 2016. Takk for i år!

2015-12-24
Turstart Espe-Kroken

På tur i regnet med ein ekstra kjentmann

Skuletur Espe - Kroken

Einar Ese har rydda stien frå hyttefeltet på Espe og inn til Kroken, og vart med skulen på turen. Her går dei av garde med kjentmannen fyrst, så kjem 7.klassingane med fadderungane sine frå 2.klasse, og så følgjer 3. - 6.klasse med dei eldste sist. Dei rakk akkurat å starte på turen før regnet byrja.

2015-08-25
IMAG4018

Ordføraren klipper snora, alle er velkomne!

"Vasskraft i Jostedalen" - avduking av modell på Breheimsenteret

Denne våren har elevane i 5.-7.klasse ved Jostedal skule hatt eit omfattande prosjektarbeid om "Vasskraft i Jostedalen" der dei mellom anna har laga ein stor 3D-modell av Jostedalen i isopor (1,20 x 1,80 m) som syner viktige plassar i dalen, men hovudsaken var å sjå kvar det går røyr inne i fjellet, kvar kraftstasjonen er osb. Me vil gjerne invitere alle interesserte til avduking av modellen på Breheimsenteret i Jostedalen førstkommande måndag (8.juni) kl 10.45-11.30.

2015-06-05
HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21
solformørking-illustrasjon

Barnehagen førre veke, skulen denne veka:

Markering av Friluftslivets år

Førre veke hadde barnehagen skileik med 5.klasse tysdag og akedag med grilling torsdag - denne veka er det skulen sin tur. Me har to friluftslivstudentar frå høgskulen i Volda i praksis tysdag, onsdag og torsdag. Tysdag har dei 1.hjelpsstasjonar med 3.-7.trinn, onsdag har dei 5.-7.trinn med ut og lagar sunn mat, og torsdag har heile skulen skileik siste del av dagen. Obs: Hugs at bussen ikkje kan ta med ski, så foreldre må levere ski innan torsdag kl 12! Me gjer ekstra mykje ut av solformørkinga som når maks (ca 95 %) fredag kl 10.50, og håpar berre på klart vêr. Solformørkingsbriller er kjøpt inn, og alle trinn nyttar høvet til å lære om fenomen i verdsrommet.

Illustrasjon (om lag slik vil formørkinga sjå ut ved maks): Knut Jørgen Røed Ødegaard

2015-03-16
477px-Johannes_flintoe_norwegian_myrhorn_1834

Judith Vestreim kjem og lærer oss folkesongar frå Jostedalen

Barnehagen og skulen som tradisjonsbærar

Denne tysdagen og fem tysdagar utover våren kjem folkesongar Judith Vestreim på besøk med Toneskrinet og lærer oss lokale folketonar som me skal øve på, teikne til og prate om mellom besøka. Først ei økt med barnehagen, så ei økt med 1.-4.klasse kvar av tysdagane. Datoane ligg i aktivitetskalenderen.

2015-03-02
IMG_0740

Tysdag hadde heile skulen

Skidag på Heggmyrane

Store og små koste seg i godt vêr og gode tilhøve - då er det moro å vere i aktivitet!

2015-02-24
Vekeplan

Skulen:

Endring av oppsett på vekeplanane

No ser vekeplanane for 1.-4.trinn annleis ut enn dei har gjort før, og frå neste veke vil 5.-7.trinn sine òg bli endra. Formatet er endra frå «ståande» til «liggande», og innhaldet er organisert på ein litt annan måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart!

2015-02-23
Powered by CustomPublish AS