A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Hender med ein strek per runde

I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria

Alle sprang for Syria!

Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.

2013-11-10

Meld frå innan tysdag 1.okt.

SFO I HAUSTFERIEN

SFO I HAUSTFERIEN? 

2013-09-26

Trygg trafikk har laga video som dei såg på Breheimsenteret

1.-4.trinn har vore på den årlege bussturen om tryggleik på bussen

2013-09-30

HEILE OPPVEKSTSENTERET HAR

Vekas dialektord

Ord på tur 26.aug (skulen): EI KLOPP, EIN TEIG, EI FONN, EIN STØL, EIT LE

2014-12-18

SFO-reglar

Her kan de lese korleis me vil ha det med sfo i år:

2013-08-30

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29
DSC_2901

Bilete frå fellesturen 26.august!

Skuletur Åsastøl-Åsen

MÅNDAG hadde heile skulen fellestur frå Åsastølen og opp i Åsen. Me fortsette naturmålar-prosjektet vårt frå før sommaren, Arvid hadde opplegg der alle fekk lære å teikne landskap i naturen. Dei som ville i 5.-7.trinn fekk springe på Skorahammaren med Jostein før maten, det var populært. Me hadde fantastisk vêr, og ein koseleg og lærerik dag ute. Trykk "Les meir" for biletserie frå den flotte dagen.

2013-08-23
2013-05-31 15

5.august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd

Ivar Aasen-jubileum

17.mai i år heidra me mannen som gav oss nynorsken. I dag er sjølve jubileumsdagen, som vert markert mange plassar i landet.

Biletet her er teikninga Arvid, Martin og Mathilde laga til 17.mai. Teikninga vart seinare auksjonert vekk.

2013-08-05
DSC_0064

Mykje moro i lag

SISTE SKULEDAG

Med biletserie frå slutten av skuleåret - GOD SOMMAR til alle, og lukke til på ungdomsskulen til Kato, Hallvard, Marie, Gunnar og Henning!

2013-06-21

Måndag 17.juni kl 17.30 - alle er velkomne

Sommaravslutning

Hugs kontantar - det vert høve til å kjøpe gamle bøker o.l. frå rydding på skulen!
Arbeidslista frå FAU finn de her òg.
2013-06-14
Powered by CustomPublish AS