A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utviklingsarbeid

Osland_Kyss ein bokstav_150x214

Boktimen får merksemd utanbygds, og skulen har trekt vinnarar av Juleles

Leselyst i skule og barnehage

Å vere glad i å lese er ein hjørnestein for ungar vidare i livet, og er difor noko me i skule og barnehage jobbar mykje med. I barnehagen set me fokus på leselyst og høgtlesing m.a. gjennom bibliotek med utlån i garderoben, og med "Boka mi" kvar veke. Skulen hadde no i jula ein kampanje for å lese eller bli lesen for kvar dag ("Juleles"), og i dag trakk me ut nokre av deltakarane som fekk velje nye bøker til klassebiblioteka sine. 

2014-09-03

Utviklingsarbeid barnehage 2013-2015

Satsingsområde 2: Medverknad

Ut frå ståstadanalyse (samla vurdering av praksisen vår laga på bakgrunn av nasjonale kjenneteikn på god praksis) som me tok i skulen og barnehagen i mars 2013, har me valt ut to hvoudsatsingsområde som me jobbar med dette året (og vidare). Me har då sett opp nokre resultatmål, dvs eit mål som me ynskjer skal vere oppfylt eller forbetra når me evaluerer i juni. For å nå desse resultatmåla, har me diskutert og valt ut ei rekkje konkrete tiltak som me gjennomfører i kvardagen. Under finn de rseultatmål m/tiltak for satsingsområdet Medverknad i barnehagen.

2013-11-15

Utviklingsarbeid barnehage 2013-2015

Satsingsområde 1: Språkutvikling

Ut frå ståstadanalyse (samla vurdering av praksisen vår laga på bakgrunn av nasjonale kjenneteikn på god praksis) som me tok i skulen og barnehagen i mars 2013, har me valt ut to hvoudsatsingsområde som me jobbar med dette året (og vidare). Me har då sett opp nokre resultatmål, dvs eit mål som me ynskjer skal vere oppfylt eller forbetra når me evaluerer i juni. For å nå desse resultatmåla, har me diskutert og valt ut ei rekkje konkrete tiltak som me gjennomfører i kvardagen. Under finn de rseultatmål m/tiltak for satsingsområdet Språkutvikling i barnehagen.

2014-09-03

Læreplan og Rammeplan

Her er lenke til ein presentasjon av Læreplanen for skulen og Rammeplanen for barnehagen - ikkje fullstendig, men kan gi litt overblikk likevel.

2014-09-21

Læreplan og rammeplan

Her er eit forsøk på å syne dei ulike fagområda i Læreplanen for skulen (Kunnskapsløftet) og Rammeplanen for barnehagen.
2012-09-06

Oppvekstsenter frå 1.aug 2012

Frå 1.august 2012 er Jostedal barnehage, Jostedal skule og sfo samla i Jostedal Oppvekstsenter. Me held til i dei same lokala som tidlegare, men har felles leiing og samarbeider tett.

Barnehagen har frå hausten 20 ungar, og har utvida avdeling tre dagar i veka (måndag, tysdag og torsdag). Skulen har 26 elevar, og vil vere tredelt som tidlegare (1.-3.trinn i ei klasse, 4.-5.trinn i ei klasse og 6.-7.trinn i ei klasse). 11 elevar har sfo.

Det er to førskulelærarar og fire assistentar som jobbar i barnehagen, sju lærarar på skulen, og ein skuleassistent som òg har sfo og jobbar i barnehagen. Totalt er det 14 tilsette i tillegg til to reinhaldarar og ein vaktmeistar.
2012-06-16
Powered by CustomPublish AS