A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Huttiheiti

Huttiheiti

2015-01-15

Her er noko av det me har dreve med på sfo hauseten 2014

Bilder hausten 2014

2015-01-05

Kva gjer me på i SFO-tida

Det no lagt inn ei oversikt over kva me driv med på SFO. Denne finn de på "Plan for SFO".

2014-11-11

Eit nytt SFO-år er godt i gang!

Kvar morgon kl 07 er det kjekke damer som tek i mot borna der, slik at dei får ete frukost, leike, teikne og vera ute litt før skulen startar. På ettermiddagane etter skuletid, og leksehjelp, er det ein fin plass å vera, då me et eit måltid i saman, me leikar, teiknar, har aktivitetar, lagar mat, les bøker eller berre slappar av etter skuledagen. I år er det Marianne, May Iren, Stine og Marit som er tilsette på SFO. Kvar månad legg me ut ein månadsplan slik at de kan følgje med på kva me driv med.

2014-09-03

Litt om kva vi har gjort på SFO i veke 9 og 10

I vekene etter vinterferien har vi hatt mykje moro på SFO. Vi har leika mykje med Lego, og Monopol-spelet blir nytta ofte. Det er kjekt å spela og leika i lag! Barna får ikkje nytta datamaskinene på SFO no, for vi meiner det er kjekkare for alle å leika i lag. Nokre dagar har vi gått tur, og det vil vi halda fram med i vekene som kjem. Det er godt å røra litt på seg etter skuledagen, og vi får tid til å snakka mykje om mange ting ute på rusletur rundt i bygda. Sjakk har vi og spela, og det er mange flinke spelarar på skulen. I tillegg teiknar vi og perlar når vi har lyst til det.

2014-03-08

Litt om kva vi har gjort på sfo i veke 4

Mandag og tirsdag var det leksehjelp. Vi har kost oss med både tomat suppe,knekkebrød og frukt denne veka. Det har blitt en del perling med fine resultat,medan noken har spelt kort,sjakk  og andre brettspel.  Vi har  leika spark på boks ute og sparka ball i ballbingen,friskt og godt ute.

2014-01-24
perler_280x210

Plan for SFO og vekerapport

Framover vil vi leggja ut månadsplan for SFO her på heimesida. Vi vil presentera ulike aktivitetar som vi skal driva med, både kreative, fysiske og rolege, inne og ute. Det vil og stå kva mat som blir servert dei ulike dagane. Det kan bli endringar, men vi vil prøva å følgja planen så godt som mogleg. Vi håpar dette gjer at de som foreldre får eit betre innblikk i  korleis SFO-dagen er og kva vi driv med. På fredagane vil vi prøva å leggja ut ei kort vekerapport frå veka som har gått. 
 
Ta kontakt om de har spørsmål eller kommentarar til planen eller vekerapporten!
2014-01-20
Powered by CustomPublish AS