A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Fivla

Måndag 23.og tysdag 23. september var 6.klasse på tur til Fivla.  Veret var strålande og såleis var også elevane.  Turen opp til Fivla var ikkje lange biten.  Her grilla me, leika rundt hyttene og kosa oss.  Ikkje alle sov like godt, men opp tidleg måtte me lell.  Turen over til Heggdalsvatnet gjekk fint og når me kom ned til Engjadalen stod bilane klare.  Me takkar foreldre for skyss!

2019-09-27

Velkomen til nytt skuleår :)

 

Me startar opp att mandag 19. august klokka 9.00.

Me gler oss til å møte alle dei nye 6.klassingane.

Rune, Gunn og Siv Anja

2019-08-16
IMG_5284

Sommarferie for kjekke elevar

Med eit bilete frå turen til Dalsdalen, tek kull 2008 sommarferie!

2019-06-21
IMG_5233

Mørkridsdalen

Me hadde ein flott dag i Mørkridsdalen. Ei vandring i det flotte natur- og kulturlandskapet der ga ei fin ramme for å lære om kor viktig nesten utilgjengelege område var for folk i eldre tider. Statens naturoppsyn, ved Liv Byrkjeland og Anne Rudsengen var veldig dyktige i å formidle kunnskap og hadde god kunnskap om område og historien til dalen. Så mange kjekke elevar samla på ein gang var ei kjekk oppleving. Nokre var glade for å smake almebork, som tidlegare vart nytta ein del i brødbakst når matmangelen var stor, medan andre grein meir på nasen. Elevane var raske å gå og nokre av oss fekk seg ein dukkert i fjorden til slutt.

2019-06-13
IMG_5133

Kyrkje-omvisning og Sørsidetur

Her er litt nokre bilete frå Dale- og Gaupne gamle kyrkje og institusjonane me var innom på sørsida. Som dykk ser er det godt mogleg klassen fostrar fram både lensmann og prest. Mange spreke og taleføre elevar. Tusen takk til foreldre og bestefar som stiller opp og hjelper til som turar me planlegg! Her er og to filmar med eit snev at humor. Alle partar var varsla før filming.

2019-06-12
IMG_4934

Råane rundt på ein flott vårdag

Me er så heldige at me kan gå Råane rundt utan noko transport av elevar. Flott tur i flott natur med flotte elevar. 

Denne rundtturen er veldig fin å gå no om våren.

2019-05-15
forsøk2

Naturfag

I dag var målet å få eit rått egg til å stå på høgkant. Det klarde elevane, og de heime får spørje barnet ditt korleis me klarde det. I tillegg skulle me rekne ut tal båtar i ei appelsin før me skrella appelsina. Klarde me det?

2019-04-25
ballong

SJÅ FILM-VEDLEGG

Å påvise at karbondioksid er tyngre enn luft

Med forsøk er det lett å på vise at ved å blande ulike stoff får me kjemiske reaksjonar som gjev nye stoff og gassar. I dag produserte me vår eigen CO2 og fekk kjenne på at den er tyngre enn luft. 

2019-04-04
sløyd 8

Sløyd, tekstil og godt humør

Bilete frå sløyd og tekstil veke 13. Elevane har evner til å skape med nevane og hovudet, og bra er det!

2019-03-29
tørrisen

Rakett-oppskyting

NASA-inspirert 5. klasse. Kennedy sa; we choose to go to the moon, så då kan vel me skyte rakettar med rekkevidde på 30 meter. SJÅ FILM.

2019-03-14
Powered by CustomPublish AS