A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. Elevrådsmøte 23.okt REFERAT

Elevrådsmøte tysdag 23.okt 2012

Stad: Lærarane sitt arbeidsrom

Til stades: Sondre, Jone, Vebjørn, Kristi, Sølvi, Gunnar og Mette (kontaktlærar for elevrådet)

Referent: Mette

Sak 1: Kva er KRENKJANDE ÅTFERD

- Alle representantane la fram det dei hadde snakka om i klassane. Vanskeleg å lage REGLAR om kva som er lov og ikkje lov, fordi det kjem an på korleis det vert oppfatta. Nokon kan bli lei seg for noko som eigentleg var hyggeleg meint, då er det KRENKJANDE for den som vart lei seg sjølv om handlinga ikkje var vond i seg sjølv...

- Forskjell mellom ting som gjer andre LEI SEG (=krenkjande) og ting som gjer andre IRRITERT (= forstyrrande).

- Elevrådet meiner det er verre å gjere andre lei seg enn å gjere andre irritert, det er vanskeleg å passe på å ikkje KRENKJE nokon fordi ein sjølv har blitt IRRITERT.

2. Aktivitetar framover, kva ynskje har elevrådet for førjulstida?

- Farvel til lyset:

  • Ynskje frå klassane: Mandarinar, pepparkake, lussekattar, julebrus, nye songar (ikkje så mange songar), rapsongar, snøborg med lys.
  • Spørsmål elevrådsrepresentantane tek med til klassane sine: Korleis kan "Farvel til lyset" bli eit hyggeleg avbrekk i mørketida? Korleis kan det til dømes vere hyggeleg for skuleungane å vise omsorg for barnehageungane?

- Julespel (Kardemomme by av Thorbjørn Egner):

  • Rolleynskje frå kvar elev (hemmeleg på lapp) etter musikktimen på fredag.
  • Ynskje frå elevrådet: Fart i songane, alle lære tekstane slik at det vert trøkk, ikkje fleire songar enn før.

- Bygge borg i fellesfri (skikkeleg borg, stor, med rom og trapper)

- Gå på ski til Nosakollen e.l.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS